Hentet fra Dag og tid 1.11.2024 av Anders Breidlid, Oslo Met
Krigen i Sudan er meir eller mindre gløymd av verdssamfunnet, ein krig som FN omtalar som verdas største humanitære katastrofe.
Sudan har vore vitne til ulike interne konfliktar sidan sjølvstendet i 1956, konfliktar som primært har råka marginaliserte område som Darfur, Blånilen og Kordofan-statane og det sørlege Sudan. Allereie på 1950-talet braut den første borgarkrigen ut i det sørlege Sudan, ein krig som, avbroten av ein kort fredsperiode, varte heilt til 2005.
Krigen hadde delvis religiøse røter, med det muslimske nord mot det kristne og animistiske sør. Sør-Sudan blei ein sjølvstendig stat i 2011. Konflikten i Kordofan eskalerte rundt 2011 etter at Sør-Sudan blei sjølvstendig, ettersom mange av krigarane i delstaten hadde kjempa saman med Sør-Sudan under borgarkrigen. Etter 2011 har mange i Kordofan kjempa mot regjeringa i Khartoum, ikkje på grunn av religion, men på grunn av politisk og økonomisk marginalisering. Konflikten ved Blånilen har liknande årsaker som konflikten i Kordofan.
Lange røter
Om lag 97 prosent av befolkninga i Sudan identifiserer seg som muslimar. Dei resterande 3 prosentane består hovudsakleg av kristne og medlemmar av tradisjonelle afrikanske religionar, særleg i sør og i enkelte regionar som Kordofan og Blånilen.
Den noverande konflikten har røter i komplekse politiske dynamikkar som minst går tilbake til Bashir-æraen og Darfur-konflikten for to tiår sidan, og starta i april 2023 mellom regjeringshæren, Sudan Armed Forces (SAF), og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF). RSF er ei direkte vidareføring og formalisering av Janjaweed-militsen, men har utvikla seg til å bli ei meir formell militær eining som no spelar ei avgjerande rolle i den pågåande konflikten i Sudan.
General Abdel Fattah al-Burhan av Sudan.
Foto: Ibrahim Mohammed Ishak / Reuters / NTB
Janjaweed-militsen blei grunnlagd av tidlegare diktator Omar al-Bashir som ein arabisk milits for å knuse opprøret i Darfur som starta i 2003. Dei to stridande partane, med generalane Abdel Fattah al-Burhan og Mohamed Hamdan Dagalo, kjend som Hemedti, i spissen, var tidlegare allierte. Forholdet mellom dei forverra seg på grunn av usemje om korleis RSF skulle innlemmast i den nasjonale hæren. Al-Burhan ønskte ein toårig integrasjonsprosess, medan Hemedti ønskte ti år. Desse rivaliseringane blei ytterlegare forsterka av ambisjonar om makt etter Sudans overgang frå Bashirs styre.
Oppdeling
Krigen har ført til ei territoriell oppdeling, der SAF kontrollerer område langs Nilen nord for Khartoum og den austlege delen av landet med Port Sudan som base. Fleire væpna grupper i Darfur har òg slutta seg til SAF. På den andre sida kontrollerer RSF store delar av Vest-Sudan, mykje av hovudstaden Khartoum og viktige jordbruksområde sør for Khartoum. Brutaliteten i konflikten har ført til ein fullstendig kollaps i vern av sivile, med vilkårleg vald, drap, tortur og seksuelle overgrep, i tillegg til angrep på sjukehus og helsepersonell.
Per oktober 2024 har konflikten i Sudan ført til at over 13 millionar menneske er blitt fordrivne. Dette inkluderer 10,9 millionar internt fordrivne i Sudan, medan meir enn 2,2 millionar har flykta til naboland. I tillegg lir 20 millionar menneske av akutt matmangel.
Kampen om mineralførekomstar er ei sentral drivkraft i konflikten. RSF kontrollerer viktige ressursar, særleg gullgruvene i Darfur, og gullgruvene har blitt ei viktig inntektskjelde for RSF. SAF kontrollerer statseigde selskap og nøkkelsektorar som jordbruk og gruveindustri (utanom dei områda RSF kontrollerer) og olje- og gassektoren.
Konflikten reflekterer òg den djupe økonomiske ulikskapen og marginaliseringa av periferiområde som Darfur, Sør-Kordofan og Nuba-fjella. Samtidig har etniske og stammebaserte skilje forsterka den politiske og militære rivaliseringa. RSF består i stor grad av krigarar frå Darfur-regionen, som er etnisk og sosialt ulike frå elitane i SAF, ofte assosierte med Nord-Sudan.
Sudan har ei lang historie med etnisk vald, inkludert folkemordet i Darfur og pågåande spenningar ved Blånilen og Sør-Kordofan. Konflikten i Darfur involverer kampar mellom RSF og svarte, ikkje-arabiske muslimske grupper som Fur, Masalit og Zaghawa, og RSF blir skulda for etnisk reinsing i byar som Al-Fashir.
Begge sider har blitt skulda for å bruke etnisitet for å konsolidere makt og rettferdiggjere vald.
Klimaendringar og konflikt
Konflikten er ytterlegare forverra av klimaendringane med tørke, varierande nedbørsmønster, uttømming av vasskjelder og ørkenspreiing og har skapt store utfordringar for landbruket og for heile økonomien. Ifølge University of Notre Dames ND-GAIN Matrix er Sudan det 8. mest sårbare av 185 land globalt, og har 175. plass når det gjeld beredskap.
Sjølv om det ikkje finst direkte prov på at klimaendringar åleine utløyser konflikt, er det sterkare indikasjonar på indirekte koplingar, spesielt i allereie sårbare regionar. Når ressursane minkar, blir maktkampen intensivert, og dette kompliserer fredsbyggingsarbeidet ytterlegare.
Er det håp for Sudan?
Per no ser det mørkt ut for ei snarleg løysing på konflikten, sjølv om fleire land prøver å mekle fram ei våpenkvile. Det geopolitiske landskapet, ulike interesser blant utanlandske aktørar og djupe rivaliseringar mellom dei stridande partane har gjort det særs utfordrande å finne ei løysing. Eit av dei få lyspunkta er dei lokalt forankra ERR-initiativa (Emergency Response and Resilience), som har gitt grunnleggjande hjelp til menneske råka av konflikten. ERR-nettverka bygger på Sudans tradisjon for gjensidig hjelp, som nafeer-praksisen, og har spela ei viktig rolle i å støtte lokalsamfunn under krisa. ERR var i år blant dei nominerte til Nobels fredspris.
Sudan har ei relativt godt utdanna befolkning, spesielt samanlikna med fleire naboland, sjølv om det framleis er store utfordringar, spesielt for jenter. Ei godt utdanna befolkning er ein viktig føresetnad for at Sudan skal lukkast i å bevege seg mot ei meir fredelig og demokratisk framtid.
Håpet er at demokratirørsla, som blei knust av militæret i 2019, kan gjenoppstå og setje Sudan på ein ny, fredeleg kurs. For å revitalisere denne rørsla er det avgjerande med ei ny mobilisering av engasjerte og medvitne samfunnsaktørar, samarbeid mellom ulike politiske fraksjonar og støtte internasjonalt. Diverre er miljøet for ei slik revitalisering i dag sterkt avgrensa av dei militære gruppene sin undertrykkande og valdelege politikk overfor demokratiforkjemparar.
Samtidig er mange utanlandske statar involverte i konflikten: Emirata og Tsjad støttar RSF, medan Iran, Qatar og Egypt ser ut til å støtte SAF. Russland, som tidlegare støtta RSF, ser no ut til å ha skifta side og støttar SAF, truleg i byte mot ein marinelogistikkbase ved Raudehavet.
Spørsmålet er kva troikaen med USA, Storbritannia og Noreg, som har spela ei viktig rolle i Sudan, kan gjere for å få slutt på konflikten. Noreg har dobla den humanitære bistanden til Sudan, men minst like viktig er det å få løfta konflikten opp i internasjonale fora, som Tryggingsrådet i FN. Det er inga tid å miste.
Anders Breidlid er professor
ved OsloMet.
Kilde: Verdas største humanitære katastrofe – DAG OG TID