FN: Stadig fleire drap på sivile i Sudan

Hentet fra  NRK 22.1.2025  av Oda Eggesbø Ottesen– Journalist

Drap på vanlege folk i Sudan skjer oftare, og er i aukande grad etnisk motiverte, seier FN sin menneskerettskommissær.

150.000 menneske er drepne, og 12 millionar har flykta frå heimane sine, etter nesten to år med borgarkrig i Sudan.

No ser FN teikn på at dei sivile konsekvensane blir endå verre, seier menneskerettskommissær Volker Turk.

– Direkte og etnisk motiverte angrep på sivile blir meir og meir vanleg, fortel han.

– Sjokkerande brutale hemnangrep mot heile lokalsamfunn, basert på verkeleg eller opplevd etnisk identitet, blir vanlegare. Det blir også hatefulle ytringar og oppfordring på vald.

FNs

Turk fortel at menneskerettskommisjonen har bevis på at krigsbrotsverk har blitt utførte i Sudan, og seier dei har fått videoar der offera blir skildra som «skit» og «dyr».

Han «fryktar at situasjonen no får ei ytterlegare, farlegare vending».

Med dette viser han ikkje særskilt til ein av partane, men ber både hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) om å følge folkeretten.

FN-talsperson Ravina Shamdasani sa tidlegare fredag at FN ikkje har dokumentert at det skjer folkemord i Sudan, etter at USA hevda dette.

Ho seier likevel at dei har hatt avgrensa tilgang på områda det gjeld, og seier dei krev ytterlegare etterforsking.

Skulda for bruk av kjemiske våpen

Den sudanske hæren utførte ein offensiv denne veka i delstaten al-Jazirah sør for hovudstaden Khartoum, og tok tilbake delstatshovudstaden Wad Madani frå RSF.

Sidan har det kome fleire meldingar om svært dødelege angrep sør i landet.

Samtidig er 120 menneske drepne i byen Omdurman, ifølge lokale hjelpearbeidarar. 150 er meldt skadde.

Begge partar i krigen har blitt skulda for å angripe sivile mål på grunn av den etniske bakgrunnen til dei som held til der.

Avisa The New York Times melder at Den sudanske hæren har brukt 

 i minst to tilfelle mot RSF. Den siterer fire amerikanske tenestepersonar.

Angrepa skal ha skjedd nyleg og langt frå tettbygde strøk, men tenestepersonane seier USA fryktar at dei snart vil bli brukte sentralt i Khartoum.

Kjemiske våpen er forbodne av nesten alle land i verda gjennom Kjemivåpenkonvensjonen (CWC).

USA sanksjonerer både hæren og RSF

Dei amerikanske styresmaktene innfører denne veka sanksjonar mot leiaren for Den sudanske hæren, i praksis landet sin fungerande statsleiar.

USA meiner at hæren under leiinga til General Abdel Fattah al-Burhan med vilje har angripe sivile på «skular, marknader og sjukehus».

Amerikanarane meiner også at hæren «rutinemessig og medvitent» stenger ute humanitær hjelp, og «brukar matmangel som ein krigstaktikk».

Utanriksdepartementet til Burhan hevdar skuldingane er urettvise og «umoralske».

Sist veke skulda USA den andre parten i krigen, den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF), for folkemord i Sudan.

Då var det leiaren deira, Mohamed Hamdan Dagalo, som fekk sanksjonar mot seg.

 

Kilde: FN: Stadig fleire drap på sivile i Sudan – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *