Bilde viser massive øydeleggingar av flyktningleir i Sudan

Hentet fra  NRK 24.2.2025 av

Vegard Tjørhom– Afrika-korrespondent

Folk spring frå brennande telt og bygningar.

Nokre prøver å redde det dei eig. Andre jobbar iherdig med å sløkke flammane.

Ein av dei største flyktningleirane i Sudan, Zamzam, har vore angripen fleire gonger dei siste vekene.

Satellittbilde og video analysert av NRK viser at ein stor del av leiren no er brent ned.

Fleire titals personar skal vere skada, ifølge Leger uten grenser. Dei driv et feltsjukehus i leiren.

– Det har komme meir enn 50 skadde til sjukehuset vårt, dei fleste med skotskadar og granatskadar.

Det seier naudhjelpssjef i Leger utan grenser, Michel-Olivier Lacharité, til NRK.

– Folk er redde for kva som vil skje vidare.

Satelittbilde viser at store deler av flyktningleiren Zamzam er brent ned siden januar.

Leiren er omringa

Angrepa er gjennomført av den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF), ifølge Reuters.

Dei er ein av de store partane som kjempar i borgarkrigen i Sudan.

Opp mot ein halv million menneske held til i Zamzam, ifølge Leger uten grenser.

Sida i fjor haust har Zamzam i stor grad vore sperra inne av styrkane til RSF, ifølge organisasjonen.

Det skjer fordi flyktningleiren ligg midt i Darfur, ein region kontrollert av RSF.

– Leiren er omringa og det er ingen moglegheit for å flykte, hevdar naudhjelpssjef Lacharit

Dette er alvorleg, seier Gunnar Sørbø, tidlegare direktør ved Christian Michelsens institutt (CMI) i Bergen.

– Det er allereie enorm matmangel i Zamzam. Det er sjukehus som ikkje fungerer. Dødelegheita er høg, held han fram.

Han meiner også at det var RSF som angrip leiren.

– Rundt heile leiren har du RSF-soldatar, så det er veldig vanskeleg å få inn forsyningar, seier han.

Augevitne: Angreip sivile

Mellom 7. februar og 17. februar skal RSF ha tent på deler av leiren og gått til angrep på sivile, fortel eit augevitne til NRK.

Han var til stades i leiren under angrepa førre veke.

Mannen jobbar for Den sudanesisk-amerikanske foreininga i Nord-Darfur. Dei leverer helsetenester til flyktningane i Zamzam.

NRK har vald ikkje å bruke namnet hans, da han framleis held til i RFS-kontrollerte område.

– Vi var veldig redde. Vi måtte søke dekning i den store marknaden, fortel han.

– Eit angrep kom frå sør og øst. Det er der dei fleste fordrivne bur. Mange vart skadd og den store marknaden vart brent ned.

 

Les ogsåMillioner av liv på spill i Sudan: – Har blitt virkelig vanskelig

 

Også augevitne som har forklart seg til CNN og Reuters hevdar at RSF har angripe sivile.

Over ti personar skal no vere drepne. Og over 75 er skadde, ifølge direktøren for helsedepartementet i Nord-Darfur, Ibrahim Abdullah Khater.

Video frå marknaden viser graden av øydeleggingar:

RSF nektar

Rapid Support Forces nektar derimot for at deira soldatar angrip sivile.

Gruppa hevdar flyktningleiren husar ein militærbase og ammunisjonslager til militsar som held til i nabobyen al-Fashir.

Ein video verifisert av NRK viser fleire soldatar, som er kledde i det som liknar uniformene til RSF, seier at dei er inne i flyktningleiren.

– Vi har kome til Zamzam og vi skal finne dei, seier ein av soldatane til kamera mens skot høyrast i bakgrunnen.

Det er ikkje klart kven soldatane snakkar om.

Ein annan video viser fleire soldatar i RSF-uniformer gå rundt i eit militært køyretøy.

To menn trakkar på eit flagg som tilhøyrer ein milits som kjemper saman med regjeringenshæren.

Videoen er verifisert av Reuters og skal vere filma i Zamzam.

I bakgrunnen kan ein sjå svart røyk, og høyre skot og eksplosjonar.

Deler av leiren brent ned

Over 8.000 butikkar og hus er no brende ned, ifølge avisa Sudan Tribune.

Halvparten av marknaden skal vere øydelagd, ifølge CNN.

NRKs augevitne meiner derimot at mesteparten av marknaden er brent ned.

– Dette forverrar forholda for folk enda meir, seier han.

Inngangen til flyktningleiren Zamzam er nesten heilt brent ned siden januar.

– Ein plyndrerhær

Nabobyen al-Fashir ligg femten kilometer unna Zamzam, forklarer Gunnar Sørbø frå CMI.

Det er den siste byen i Darfur som er under regjeringshæren i Sudan (SAF) sin kontroll. Det er ikkje SAF sjølv, men tilknytt militsar som held byen, understrekar Sørbø.

– Angrepa mot Zamzam kan derfor ha handla om å svekke desse væpna gruppene, meiner forskaren.

Det kan RSF gjere ved å brenne og plyndre butikkar og heimar, i og rundt flyktningleiren.

– Du får ikkje så høg løn i RSF, men du får eit slags løfte om at du kan plyndre, seier han og konkluderer:

– RSF er blitt ein slags plyndrerhær. Det har gjort at dei har tapt utruleg mykje av støtta som dei tidlegare hadde i Sudan.

Kilde: Bilde viser massive øydeleggingar av flyktningleir i Sudan – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *