Little Norway»

Hentet fra  Dag og tid  29.09.2017| Av Terje Tvedt

Noreg støtta begge sider i borgarkrigen i Sudan og skapte ein ny stat som er herja av ein ny borgarkrig.

Då den nye staten Sør-Sudan feira sjølvstendet sitt 9. juli 2011, var stemninga euforisk, ja «ekstatisk», ifylgje NRKs reporter. På ærestribunen denne julidagen, varm og fuktig som alle julidagar er i denne hovudstaden ved Nilen, sat statsminister Jens Stoltenberg, kronprins Haakon, utviklingsminister Erik Solheim og om ikkje i sentrum av hendingane, så nær dei, tidlegare bistandsminister frå Kristeleg Folkeparti, Hilde Frafjord Johnson.

Frajord Johnson var dagen før utnemnd som ansvarleg for alle FN-operasjonane i det nye landet, og skulle, ifylgje seg sjølv, vera den «fremste støtte utenfra for en regjering som skal lede en helt ny nasjon». Nokre dagar seinare vart ho òg utnemnd til leiar av den fredstryggjande styrken som Tryggingsrådet i FN nyleg hadde oppretta.

Ikkje noko anna vestleg land stilte med tilsvarande offisiøs og talrik delegasjon – 18 personar. Det var ikkje unaturleg: Ikkje noko anna land i Europa hadde investert så mykje tid og pengar og personell for å bidra til fred, utvikling og ein betre kvardag for folk i Sør-Sudan.

Sør-Sudan hadde i 40 år vore eitt av dei aller viktigaste prosjekta til det humanitær-politiske miljøet i Noreg.

Berre frå 2005 og til 2016 hadde Noreg åleine gjeve meir enn 6 milliardar kroner. Til saman hadde Noreg investert om lag 15 milliardar, ein særs stor sum i eit av dei minst utvikla landa i verda, og hundrevis av nordmenn hadde hatt sine mest spanande og gjevande år der. Ikkje rart at dei norske utsendingane denne julidagen i 2011 klappa for staten dei hadde vore med på å etablera, for då klappa dei òg for seg sjølve.

Berre nokre få år seinare synest derimot den sjølvgratulerande feiringa som eit høgdepunkt for nasjonalt sjølvbedrag. Sør-Sudan er i dag eitt av dei tydelegaste døma på ein «failed state» samfunnsvitskapen kjenner til.

 

Little Norway

Noregs største og mest langvarige og myteomspunne distriktsutviklingsprogram i norsk bistandshistorie vart drive av naudhjelpsorganisasjonen til Den norske kyrkja, Kirkens Nødhjelp (KN), i Sør-Sudan.

«Little Norway» som området heitte på folkemunne, vart stort sett finansiert over Noregs statsbudsjett, og var òg to gonger (1977 og 1986) sentralt i NRKs innsamlingsaksjonar til Kirkens Nødhjelp. Det vart omtala i norske medium som eit føredøme. På fleire område var det òg eit særs veldrive prosjekt. Nett difor påverka det dei politiske relasjonane i regionen. Men til slutt vart det lagt i grus av folket det skulle hjelpa. Kva skjedde?

KNs arbeid i Sør-Sudan vart starta av kristne organisasjonar i Europa, og med religionspolitiske baktankar. 1. mars 1972 – berre ein dag etter at tingingane mellom geriljaen og regjeringa i den fyrste borgarkrigen i det sjølvstendige Sudan (1955–1972) hadde vorte sluttførte i Addis Abeba – vart pastor Elias Berge, generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp, kalla inn til eit hastemøte om Sudan i Kyrkjeverdsrådet i Genève.

 

Luthersk fotfeste

Då styret og administrasjonen i KN samla seg til bøn og strategidiskusjonar på det smålåtne kontoret i Kirkegata i Oslo i 1972, var dei difor klare over den religiøse dimensjonen ved arbeidet i Sør-Sudan. Dei var like opptekne av tilhøvet til katolikkane som til islam. Dei visste at det ville verta vanskeleg å driva hjelpearbeidet underordna Det sudanske kyrkjerådet, slik som Kyrkjeverdsrådet og regjeringa i Juba ynskte. Naudhjelpsorganisasjonen til Den norske kyrkja ville kunne koma til å stø oppbygginga fyrst og fremst av ikkje-lutherske kyrkjesamfunn i Sør-Sudan.

Framfor å nytta tid på teologisk posisjonering greidde organisasjonen gjennom si effektive leiing i Sør-Sudan, og gjennom praktisk arbeid i løpet av kort tid, å verta oppfatta som den mest effektive hjelpeorganisasjonen i Equatoria-provinsen, og ein av dei viktigaste i heile Sør-Sudan. Slik lukkast dei òg med å gje deira versjon av kristendomen eit fotfeste på austbanken av Nilen, heilt utan å driva noka form for klassisk misjon, og etter avtale med regjeringa i Khartoum.

Dei flagga ikkje at dei var organisasjonen til Den norske kyrkja, eller at dei var opptekne av religion i det heile, til skilnad frå i Biafra berre nokre år tidlegare, der KN drog til det muslimske Nigeria med eit fly påmåla det ikkje akkurat blyge «Angels of Mercy».

 

KN-bastion

Området som KN dreiv, vart ein stat i staten, formelt underlagd ein katolsk kyrkjeorganisasjon i samarbeid med regjeringa i det muslimske Sudan – Sudan var då framleis eitt land – og finansiert av den norske regjeringa.

Etter kvart som KN fekk etablert skular, bygd vegar og bore brunnar, og dei norske bistandsarbeidarane i dei kvite landscruiserane vart meir og meir allstadnærverande, kom dei til å representera, i eigne augo, sjølve «Utviklinga»: Dei var «Den nye tida». Det var ei naturleg kjensle i eit område der det nesten ikkje var bilar, ingen telefonar, og der introduksjon av okseplogar vart oppfatta som eit stort steg i teknologisk utvikling. Sjølvforståinga og retorikken til KN vart meir og meir at dei var ein slags «Utviklingas apostlar» snarare enn representantar for den vestlege sivilisasjonen på yttergrensene til denne sivilisasjonen, eller utsende forkjemparar for norske, vestlege eller religiøse verdiar.

Samstundes gjekk ei aukande islamisering føre seg i dei nordlege delane av landet, og etter kvart òg med spreidde freistnader i Sør-Sudan. Då ein ny borgarkrig mellom Sør-Sudan og Nord-Sudan starta i 1983, kom det av mange og komplekse tilhøve, men den religiøse dimensjonen var ikkje den viktigaste.

Etter at Sudan Peoples’ Liberation Army (SPLA) vart danna under leiing av John Garang i 1983, kom krigen òg til «Little Norway», og KN vart, heilt utan å ville det, ein part i han – og det på sida til den sudanske staten. KN vart av oppreistgeriljaen i «det kristne sør» oppfatta som ein de facto støttespelar til hovudfienden, det vil seia av ein stat opprørarane fordømde, òg fordi han praktiserte ein stadig strengare versjon av sharia – som å amputere hendene på menn som stal kamelar.

 

Herre i eige hus

Dei fleste hjelpearbeidarane forlét Sør-Sudan etter at SPLA hadde bede dei dra. Generalsekretæren i KN fekk i møte med representantar for SPLA-leiinga i London forklart i klare ordelag at det var på tide å leggje ned prosjektet. Men KN-leiinga nølte – dei kunne ikkje tru at åtvaringane òg galdt dei. Dei oppfatta seg sjølv som ein nøytral velgjerar, som representant for dei eigenlege interessene og framtida til sørsudanesarane. Gjeve alt det gode arbeidet dei hadde gjort, var det vanskeleg for dei å skjøna at geriljaen meinte alvor.

Då geriljaen direkte truga hovudbasen til KN våren 1985, måtte KN-direktøren søkja tilflukt hjå den lokale, katolske biskopen, og han tok kontakt med leiinga for regjeringshæren SPLA kjempa mot, og bad dei beskytte Hilieu – staden der KN hadde bygd opp hovudbasen sin med mange hus, tennisbane og eige matlager med norsk mat. KN-leiinga insisterte på at dei måtte syna at dei var «herrar i eige hus», som dei uttrykte det. Trass i den særmerkte språkbruken: 15 års utviklingsarbeid og byggjeverksemd blei ikkje lenge etter bokstavleg tala lagd i grus av SPLA.

Etter at SPLA sigra i det mange meinte var ein kamp for interessene til det kristne Sør-Sudan mot det muslimske Nord-Sudan, og Kirkens Nødhjelp blei jaga ut av eit at dei fattigaste områda i verda, og utviklingsprosjektet deira blei knust, summerte generalsekretær Atle Sommerfelt likevel opp prosjektet som ein siger: «At infrastrukturen ikke finnes lenger, er irrelevant. Vi står igjen med en veldig tillit, hos kirken, geriljaen (sic!) og for så vidt hos regjeringen i Khartoum» (Vårt Land, 23. februar 2002).

 

Noregs to tunger

Norsk Folkehjelp (NoFo) hadde òg sitt overlege mest omfattande internasjonale engasjement nokosinne i Sør-Sudan. Naudhjelpsorganisasjonen, etablert av det norske LO, gjekk inn i Sør-Sudan på midten av 1980-talet på jakt etter ein organisasjon å solidarisera seg med. Dei fann han – i SPLA. NoFo støtta med entusiasme den same organisasjonen som la KN-programmet i grus.

Men både organisasjonen til den norske fagrørsla og kyrkja vart stødde av Utanriksdepartementet med hundrevis av millionar kroner kvar. Noreg ga altså mykje pengar til ein organisasjon som samarbeidde med regjeringa (KN) og ein organisasjon som samarbeidde med geriljaen (NoFo). Noreg tala altså med to tunger, og meiner mange, og bidrog slik til å forlenga krigen.

I to tiår frå 1986 stod NoFo last og brast med SPLA i krigen mot Khartoum og andre grupperingar i Sør-Sudan. Dei fekk kallenamnet Norwegian People’s Army grunna rykta om at dei òg frakta våpen til SPLA.

NoFO kom for fullt inn i Sør-Sudan i ein periode då SPLA nærast låg med brekt rygg. Leiaren John Garang gjekk då inn i eit særs tett samarbeid med NoFo, og gjorde dei like avhengige av han, som han av dei.

SPLA fekk om lag på same tid auka støtte, særleg frå det kristne høgre i USA og frå den amerikanske regjeringa, fyrst frå Bill Clinton, men særleg frå George W. Bush. Utover på 1990-talet tok NoFo imot meir støtte frå den amerikanske regjeringa enn kva nokon annan ikkje-amerikanske organisasjon tidlegare hadde fått.

Frå 1993 til 2005 utgjorde løyvingar frå USA mellom 60 og 80 prosent av dei totale budsjetta til NoFo. Til saman tok hjelpeorganisasjonen til den norske fagrørsla imot godt over ein milliard kroner frå regjeringa i USA. Paradoksalt nok var det støtta frå Clinton og Bush som gjorde Sør-Sudan til det utan samanlikning viktigaste utviklingsprosjektet til den norske fagrørsla.

NoFo prøvde å få SPLM (den politiske armen til hæren SPLA) til å byggja opp ein sivil og demokratisk struktur i dei områda dei kontrollerte, men i røynda var det NoFo som tok på seg rolla som velferdsbyrået deira. NoFo stod for rundt rekna 80 prosent av sjukehustilbodet i områda geriljaen kontrollerte, og fleire av dei vart i praksis ein slags feltlasarettar for SPLA-soldatane – i strid med vanlege prinsipp for humanitært arbeid.

Mellom 1986 og 2005 organiserte NoFo ifylgje leiinga over 10.000 flygingar inn til Sør-Sudan, med mat og andre hjelpemiddel som vart delte ut gratis. SPLA etablerte eigne transportselskap med hjelp frå NoFo, og dei transporterte mat og henta våpen og ammunisjon på løynde lager i Kenya og Uganda. Dette hadde sjølvsagt mykje å seia for krigen og stillinga til SPLA i folkesetnaden. Soldatane kunne konsentrera seg om å kriga, medan NoFo hjelpte til med å fø folket og drive helsetenester.

Etter fredsavtalen mellom regjeringa i Khartoum og SPLA i 2005 heldt NoFo fram med å støtta SPLA 100 prosent. NoFo formulerte seg stadig på ein måte som ymta om at dei ynskte eit sjølvstendig Sør-Sudan – stikk i strid med Garang og SPLAs line som var å byggja eit nytt, sameint og sekulært Sudan.

Eitt problem var at NoFo aldri laga nokon analyse av kva eit nytt land ville ha å seia for regionen, for Nil-vassdraget eller for Sudan som heilskap, og dei drøfta heller aldri seriøst sjansane Sør-Sudan hadde for å utvikla seg eller å overleva som eigen stat.

 

Ap som partibyggjar

NoFo oppfatta til det siste SPLA som ei ordinær frigjeringsrørsle dei kunne forma. NoFo-leiaren samanlikna situasjonen til Sør-Sudan i 2011 eksplisitt med «år 0». Ho sette dimed strek over historia til heile området og til SPLA. Men dette let seg ikkje gjere i den verkelege verda, berre i ei bistandsverd, der historias tyngd systematisk blei oppheva.

Då den nye staten ganske snart etter 2011 truga med å gå i oppløysing, snakka NoFo-leiinga om at «den usynlige veven som holder folkegrupper og samfunn sammen», var «langt på vei ødelagt». Problemet var berre at denne «samfunnsveven» som NoFo insisterte på at fanst i Sør-Sudan, eksisterte berre som illusjon; det var ein idé om samfunn forma på bakgrunn av det sosialdemokratiske Noreg.

Regionen har likevel – i 100 år, sidan dei fyrste antropologane reiste dit etter at London hadde lagt området under seg – vore sjølve arketypen på det statslause samfunnet, med alt kva det inneber nettopp av fråvær av samfunnsvev. Området har i staden ei lang historie med stadige konfliktar og samanstøytar mellom folkegrupper, og ikkje minst: Det har vorte avgjerande forma av den sentrale sumpøkologien, som dannar rammene for alt samfunnsliv i det sentrale Sør-Sudan (eit område dobbelt så stort som Danmark), som skapte uavklåra eigedomstilhøve, ustøe samfunnsstrukturar og fysisk isolasjon.

Oppi alt dette sende NoFo, saman med Det norske Arbeidarpartiet og med finansiell støtte frå Utanriksdepartementet, ein Ap-medlem som aldri hadde vore i Sudan, til å læra opp SPLA/SPLM i organisasjonskultur ved å køyra dei gjennom eit kurs om Einar Gerhardsens vidgjetne bok Tillitsmannen.

Utanriksdepartementet og Ap sende òg ned folk til å skriva partiprogram til SPLA, og dei fekk meldt SPLA inn i den same sosialistiske internasjonalen som Arbeidarpartiet. Poenget her er ikkje å kritisera boka Tillitsmannen eller at NoFo og Arbeidarpartiet ville gjera SPLA til eit sosialdemokratisk parti med hjelp frå programskrivarar, men å retta søkjeljoset mot den samfunnsforståinga som må ha lege under då dei trudde det var mogleg å forma SPLA i Gerhardsens og Arbeidarpartiets bod og bilete.

Grepet føresette at Sør-Sudan, geriljaen og leiinga av han vart sett på som ein slags utydelege kopiar av seg sjølve, og ikkje med eigne tradisjonar og eigne viljar.

Det er talande for dominerande tenkjemåtar i det humanitær-politiske komplekset at leiaren av Norsk Folkehjelps arbeid der i fleire tiår, i 2016 ga ut ei bok – På livet løs – som konkluderte med at alt gjekk gale, og at Sør-Sudan var eit stort nederlag, ikkje minst for Noreg, som han skreiv, Halle Jørn Hanssen, medan dei sjølve hadde gjort alt rett.

Problema var at dei ikkje hadde fått nok og raske nok pengar til prosjekta sine frå den norske staten. Men aller viktigast: dei vart «svikne» av leiarane i Sør-Sudan, og særleg av presidenten Salva Kiir, som dei lenge prisa i høge ordelag og kalla ven og kamerat i fleire tiår.

 

Frå helt til «skurk»

Ingen norsk politikar var meir ansvarleg for arbeidet Noreg (og etter kvart FN) gjorde i Sør-Sudan, enn Hilde Frafjord Johnson. Og ingen annan politikar fekk så ofte æra for fredstingingane, og for fødselen av den nye staten, som henne. I åra mellom 1998 og 2005 utnemnde media i Noreg henne stadig vekk til den sentrale personen bak både fredsprosessen og fredsavtalen, og den nasjonale rosen ho vart til del, var samstemd. På KrF-landsmøtet vart ho òg omtala og hylla som fredspriskandidat. Under feiringa av sjølvstendet i 2011 blei ho i norske aviser skildra som jordmor for landet.

Det var den same Frafjord Johnson som i 2014, etter krav frå regjeringa og demonstrasjonar i gatene i Juba, måtte reisa frå Sør-Sudan. Folk bar plakatar av henne i gatene der ho bar våpen, og regjeringa bad henne dra frå landet av di dei ikkje hadde tillit til henne. (Ein kontrast: Sør-sudanarane demonstrerte mot at dei britiske kolonistane reiste i 1955, etter å ha styrt landet i omtrent 50 år, av di dei oppfatta det som ei støtte mot islamisering og arabisering.)

Frafjord Johnson har summert opp arbeidet sitt i tre bøker der hovudforteljinga er klar: Sør-Sudan gjekk ad undas, men ho handla heile tida rett. Ho legg skulda på leiarane i Sør-Sudan, og også ho, særleg på president Salva Kiir, den same mannen som ho nokre år tidlegare omtala slik: «Sør-Sudan har fått en viljesterk og ukorrupt president som har håndplukket ukorrupte statsråder til de mest sentrale jobbene i regjeringen og som viser stor vilje til å bygge demokrati». Det var òg han Noregs kjende Afrika-journalist, Tomm Kristiansen, hadde vore pressetalsmann for i fleire år. No hadde Kiir og dei andre «forrådt sitt eget folk», og henne.

Gjorde alt rett

Som KN og NoFo hadde altså heller ikkje Frafjord Johnson noko ansvar då alt gjekk gale. Ho skriv i bøkene sine som om det ikkje var alternativ til den lina ho støtta. Men slik George W. Bush hadde dårleg tid fordi han trong ein utanrikspolitisk suksess før han søkte å bli valt på nytt, hadde òg det norske humanitær-politiske komplekset tidsnaud, fordi sentrale aktørar vona fredsslutning der skulle gje dei internasjonal prestisje.

Ved å satsa alt på tingingar mellom SPLA som einaste representant for Sør-Sudan og den islamistiske regjeringa i Khartoum som einaste representant for resten av Sudan, vart SPLA/SPLM av Noreg gjevne monopol på å representera alle dei ulike folkegruppene i Sør-Sudan, trass i at dei langt ifrå hadde kontroll over alle områda og alle dei etniske gruppene, og det var stor usemje om SPLA.

I Nord-Sudan gav den norske lina i fredstingingane auka legitimitet til regimet i Khartoum, og islamistane der nytta fredstingingane for det dei var verde, for å styrkja stillinga si. Målet til SPLA/SPLM om eit demokratisk og sekulært Sudan vart undergrave, og den valde lina kravde at andre opposisjonsrørsler i Sudan, inkludert dei som opererte i Darfur, måtte ignorerast, fordi det ville komplisera og forseinka tingingane mellom Garang og Bashir. Desse rørslene trekte då den konklusjonen at det var væpna oppreist som var lykelen til å verta inkludert. Dette var ei av fleire årsaker bak Darfur-krisa, den store humanitære katastrofen på byrjinga av 2000-talet.

The Economist summerte opp boka til Frafjord Johnsen, Waging Peace in Sudan (2011), som full av detaljar, men konkluderte med at den «mostly shows how badly international actors, including Ms Johnson herself, have misjudged their roles in South Sudan».

Frafjord Johnson har om att og om att grunngjeve det store norske engasjementet i Sør-Sudan med at Noreg hadde heilt spesielle føresetnader for å vera med på å mekla og skapa utvikling i Sør-Sudan på grunn av den kompetansen Noreg – og dei norske friviljuge organisasjonane KN og NoFo – hadde om regionen.

 

Dei same aktørane

Det mest iaugefallande, og det som gjer det så vanskeleg for Noreg å lære av si eiga rolle i verda, er at forteljinga om norsk velvilje og innsikt held fram å dominere, sjølv etter at Noreg offisielt meinte at det meste gjekk gale i Sør-Sudan. Landet vart på ny kasta ut i ein borgarkrig mellom dei same aktørane som fekk rettleiing av Kirkens Nødhjelp og transporthjelp og nødhjelp frå Norsk Folkehjelp, og som sat rundt tingingsbordet med Hilde Frafjord Johnson.

Noreg har eit stort ansvar for utviklinga i Sør-Sudan, men held fram med å spela som før, sjølv om det har vist seg at dei ikkje kunne reglane godt nok. Kva som skjedde vart aldri omgjort til røynsle.

Det historia til Norge i Sør-Sudan avdekker, er eit humanitær-politisk miljø som hevdar at alt gjekk gale i Sør-Sudan, samstundes som dei sjølve insisterer på at dei handla rett. Ei anna forklaring fanst ikkje: Dei sto jo for universelle verdiar, og representerte ikkje berre ein høgverdig moral, men dei eigenlege interessene til Sør-Sudan. Verda fall på plass innanfor dette perspektivet, for det var óg grunnlaget for makta dei hadde i det norske samfunnet.

Sør-Sudan er på denne måten ein arena som kanskje tydelegare enn nokon annan stad utstiller nokre av dei sentrale prosessane som har forma Noregs møte med verda som rettleiar og velgjerar, og dermed òg sentral norsk samtidshistorie.

Terje Tvedt er historikar.