Massakre på grensa mellom Sudan og Sør-Sudan

Hentet fra  Firda Tidend 22. januar 2020|

Minst 32 menneske vart drepne då personar frå Sudan gjekk til angrep på ein landsby i Abyei på grensa til Sør-Sudan, ifølgje ein lokal tenestemann.

Blant dei drepne er barn og kvinner. Rundt 24 menneske er såra, seier leiar Kuol Alor Kuol i administrasjonen i Abyei-området til nyheitsbyrået AFP onsdag.

Ifølgje han vart i tillegg rundt 15 menneske bortførte, blant dei fleire barn, og 20 hus vart sette i brann. Kuol mistenkjer gjetarar frå nomadestammen misseriya for å ha stått bak angrepet.

Styresmaktene i Khartoum og Juba har ikkje klart å bli samde om kven som skal ha råderetten over Abyei-regionen, som lenge har vore åstad for tallause blodige samanstøytar.

Kilde: https://www.firdatidend.no/feeds/massakre-pa-grensa-mellom-sudan-og-sor-sudan