Utanriksminister Børge Brende seier dei er svært uroa for situasjonen i det unge landet. Løfta om våpenkvile blir ikkje overhaldne, samtidig som det blir meldt om stadig fleire tilfelle av etnisk retta vald, drap og valdtekt på begge sider i konflikten.
– Noreg fordømmer på det sterkaste alle tilfelle av etnisk basert vald og drap, hatretorikk og oppfordringar til vald i Sør-Sudan, seier utanriksminister Børge Brende til NRK.
– Partane må legge ned våpena umiddelbart, ta avstand frå vald og engasjere seg i ein brei og inkluderande politisk dialog, seier han.
FN fryktar at landet står på randa av folkemord. No støttar Noreg forslaget om våpenembargo og innføring av økonomiske sanksjonar.