Tredobla brødprisen – økonomisk krise har sett fyr på Sudan

Hentet fra  NRK 28. desember 2018

Sudan
er prega av store demonstrasjonar etter at styresmaktene heva brødprisen frå ni til 27 øre, og mange er døde i uroa. Misnøya er stadig meir retta mot landets diktator gjennom 29 år.

Minst 19 personar er døde i demonstrasjonane som har skaka fleire byar i Sudan den siste veka. Styresmaktene har slått hardt ned på protestane som er retta mot landets diktator som ikkje har klart å løyse Sudans økonomiske utfordringar.

 

Sudanese Activist / AP

I over ei veke har fleire byar i Sudan vore prega av demonstrasjonar. Landet har den siste tida opplevd ein inflasjon på opptil 70 prosent, noko som har ført til ei kraftig prisauke på fleire varer.

Mellom anna har prisen på brød tredobla seg frå eit til tre sudanske pund, men også andre matvarer og bensin er dyrare enn før.

Misnøye med regimet

Ifølgje nyheitsbyrået AFP starta nokre av dei første demonstrasjonane etter ein fotballkamp i byen Omdurman. Fleire hundre tilskodarar gjekk ut i gatene etter fotballkampen og ropte «Fridom, fred og rettferd».

SUDAN-PROTESTS/
Mange tusen sudanarar har samla seg i gatene for å protestere mot dyrare matvarer og drivstoff.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Etter kvart har demonstrasjonane vakse seg større, og misnøya har i stadig større grad blitt retta mot landets regime. Sudans president Omar al-Bashir har hatt makta i Sudan i 29 år, og vert av mange sett på som ein veldig autoritær leiar.

President Bashir er mellom anna etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag for krigsbrotsverk og folkemord i Darfur, ein region i Sudan kor det i mange år har vore konflikt mellom lokale militsar og sudanske styrker.

Den sudanske nettavisa Sudan Tribune skriv at opposisjonen meiner det er korrupsjon, mangel på politikk som bidreg til auka produktivitet og mangelen på økonomisk reform som er grunnen til Sudans dårlege økonomiske situasjon og den forverra levestandarden til mange sudanarar.

Stadig større økonomisk krise

Sudan mista 75 prosent av sine oljeressursar då Sudan vart delt i to og SørSudan vart eit eige land. Før den tid utgjorde olje halvparten av landets rikdom, og heile 90 prosent av landets eksport.

Sudan
Hovudkvarteret til president Omar al-Bashir sitt parti er sett i brann i byen Atbara. Misnøya mot presidenten er stor.

Foto: Sudanese Activist / AP

Dei siste åra skal eit overforbruk og dårleg styresett ha forverra ein allereie vanskeleg økonomisk situasjon. I oktober opplevde det sudanske pundet eit kraftig fall i verdi, som igjen altså har ført til auka prisar på fleire varer som folk er avhengige av.

Sudans president har i løpet av dei siste dagane lova nye reformer, slik mange no spør etter, men har ikkje kome med detaljar om korleis han tenker å få landet ut av et økonomiske uføret.

Harde middel i bruk mot demonstrantar

Torsdag var den verste dagen så langt kva gjeld tapte menneskeliv i demonstrasjonane. Sudanske styresmakter har stadfesta at 17 demonstrantar og to frå sudanske tryggingsstyrkar døde i demonstrasjonane i går. 219 er skadde. Ifølgje nyheitsbyrået Reuters sine kjelder skal også skarpe skot vere brukt mot demonstrantane i enkelte tilfelle.

SUDAN-PROTESTS/
Demonstrasjonane har vakse seg større gjennom veka.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

I dag kjem meldingar om at politiet bruker tåregass og sjokkgranatar mot fleire hundre demonstrantar i hovudstaden Khartoum. I tillegg er ni opposisjonspolitikarar arresterte for å ha delteke i demonstrasjonane. Dette skjedde i eit politiraid mot eit møte der fleire opposisjonsparti var samla.

Fleire av dei som var til stades på møtet hadde oppmoda til nye store demonstrasjonar etter dagens fredagsbøn.

Styresmaktene har etter kvart trappa opp sin innsats mot dei som står bak demonstrasjonane, og har også teke i bruk kraftigare skyts mot protestane. Fleire skular er stengde, det er erklært portforbod fleire stader og i enkelte regionar er det erklært unntakstilstand. Også ein journalist har blitt angripe av sudanske tryggingsstyrkar.

 

Kilde: https://www.nrk.no/urix/tredobla-brodprisen-_-okonomisk-krise-har-sett-fyr-pa-sudan-1.14357868