Noreg i allianse med ettersøkt krigsforbrytar?

Mening/Kronikk i Fædrelandsvennen 16. januar 2018.
NRK viste nyleg bilete av Sylvi Listhaug i hyggeleg prat med innanriksministeren i Sudan. I følgje media ønskjer Erna Solberg og Sylvi Listhaug å underteikne ein avtale med landet om kontroll av flyktningstraumen og retur av flyktningar.

 

 Foto: Kirkens nødhjelp

Men kva slag regime er det Noreg no skal alliere seg med? Halle Jørn Hanssen som kjenner Sudan svært godt, karakteriserer Sudan som eit brutalt diktatur og Omar Bashir som ein uvanleg brutal diktator. Bashir og ei gruppe islamistiske offiserar gjorde statskupp i Sudan for snart tretti år sidan og har sidan leia eit regime som dagleg krenker menneskerettane og menneskeverdet med dei mest brutale og audmjukande metodar. Bashir har også samarbeida med Osama bin Laden i ein periode der han planla fleire terrorangrep, i følgje Hanssen.NRK viste nyleg bilete av Sylvi Listhaug i hyggeleg prat med innanriksministeren i Sudan. I følgje media ønskjer Erna Solberg og Sylvi Listhaug å underteikne ein avtale med landet om kontroll av flyktningstraumen og retur av flyktningar.

På midten av nittitalet sette Bashir i gang ein brutal krig mot befolkninga i Darfur. Denne krigen blei gjennomført på ein så brutal måte at det bidrog til vedtak i FN om at diktator Bashir og fleire av hans aller næraste medarbeidarar skulle arresterast og stillast for Den internasjonale straffedomstolen for krigsbrot og folkemord, ICC, skulda for brot mot menneskeheita. Arrestasjonsordren er fortsatt gyldig.Skulle Bashir komme på besøk til Listhaug og Solberg i Noreg, har norsk politi eit ståande pålegg frå ICC om å arrestere diktatoren og massemordaren og deretter utlevere han til ICC i Haag. Finst det ikkje grenser for kva den blåblå regjeringa er villig til å gjere for å kunne skryte av at dei har redusert talet på asylsøkjarar som kjem hit og får bli her i landet? Vi må leve med ulike syn på asyl og innvandring, men vi passerer ei irreversibel grense når regjeringa så tydeleg bryt med grunnleggande verdiar som demokrati og menneskeverd. Er det greitt berre vi gjer det langt borte? Kva gjer dette med den norske folkesjela og dei norske verdiane?At Listhaug gjer kva som helst for å få ei stjerne hos dei som er kritisk til norsk asylpolitikk, er ikkje overraskande. Det som skremmer meg, er at det skaper så lite debatt når Noreg går i allianse med ein krigsforbrytar. Kvar er den kritiske journalistikken som set dette i eit større perspektiv? Kvar er Høgre som var eit anstendig parti før dei gav ansvaret for asylpolitikken til FrP. Og kvar er Venstre? Er samarbeid med krigsforbrytarar noko ein må ta med på lasset når ein skal inn i denne regjeringa?

 

Fædrelandsvennen 16.1.2018:  

One comment on “Noreg i allianse med ettersøkt krigsforbrytar?
  1. Jeg leder Forum for Sudan og Sør Sudan og Støttegruppe for Sudan og Sør Sudan. Vi hr bdt om et møte med UD og Justisdep. for å få en redegjørelse om saken. Det er svært vanskelig å få tak i fakta i denne saken – samarbeidet er snart inne i sitt tredje år!

Comments are closed.