Hentet fra NRK URIX 27. juni 2018 | Av Marte Halsør
Presidenten i Sør–Sudan Salva Kiir har signert ei fredsavtale med opprørsleiaren Riek Machar. – Eit stort framsteg, ifølgje PRIO-forskar, som meiner avtala skil seg frå tidlegare avtaler.
Bildetekst: STERKT ØNSKE OM FRED: Det er ikkje tvil om kva folk i Sør-Sudan har ønskt seg i fleire år. Dei vil ha ein slutt på den valdelege borgarkrigen.
FOTO: BULLEN CHOL / AP
Konflikten i Sør–Sudan har vart sidan desember 2013, etter at Kiir gav dåverande visepresident Machar sparken, etter ein langvarig maktkamp. Dette vart starten på ein lang borgarkrig, der folkegruppene dinka og nuer står mot kvarandre.
Ifølgje Sør-Sudans utanriksminister, inneber fredsavtala som no er signert at ei våpenkvile skal tre i kraft i løpet av 72 timar.
Machar understreka at våpenkvila bør bety at ein endeleg «får slutt på krigen».
- Les også: Riek Machar – gjest eller fange?
– Stort framsteg
Seniorforskar Øystein Håkon Rolandsen, ved fredsforskingsinstituttet PRIO, har lese avtala. Den er på berre dryge tre sider, men Rolandsen seier innhaldet er eit stort framsteg.
– Dei er blitt samde om ei permanent våpenkvile. Det er ein stor forskjell frå tidlegare, der det har vore semje om våpenstillstand. Ei våpenkvile er ikkje noko ein kan gå tilbake på utan vidare, seier Rolandsen.
Partane har også forhandla mykje rundt kva ein skal gjere med opprørshærane, og korleis dei skal fordele makta. Ifølgje Rolandsen er detaljane rundt dette svært vage.
- Les også: – De sa jeg måtte drepe mamma
Press frå nabolanda
Onsdag førre veke møtte Kiir og Machar kvarandre for første gong på nær to år.
Forhandlingane har tidlegare gått føre seg i Addis Abeba i Etiopia, men denne gongne vart møtene flytta til Khartoum i Sudan. At presidenten i Sudan, Omar al-Bashir, vart ein del av forhandlingane kan ha vore viktig for resultatet, trur Rolandsen.
– Det er framleis litt mystisk korleis denne avtala har kome på plass, men Uganda og Sudan har stor innverknad på kva som skjer i Sør–Sudan. Det ser ut som dei har gått saman for å tvinge partane til å inngå eit kompromiss.
Rolandsen trur det vart brukt både pisk og gullrot i forhandlingane.
– Uganda og Sudan forsyner til ein viss grad dei stridande partane med våpen, seier Rolandsen, som understrekar at dette ikkje er påvist hundre prosent.
Landa kan dermed ha truga med å trappe opp konflikten ved å forsyne partane med meir våpen.
– Gullrota kan derimot vere ein lovnad om å rehabilitere Sør-Sudans oljefelt, slik at staten kan få større inntekter frå oljeproduksjon, seier Rolandsen.
Må bygge tillit
At to militærleiarar skriv under på eit dokument er likevel ikkje nok til å sikre fred i Sør–Sudan. Avtaler som har blitt signerte tidlegare har blitt brotne gong på gong.
For å få ei meir langsiktig og permanent løysing treng ein reformer, og ein må ta inn ulike politiske grupperingar på ein ny måte, ifølgje Rolandsen.
– Det vanskelegaste vert å bygge tillit mellom partane. Det vert også viktig å sikre tryggleiken i hovudstaden Juba, slik at opposisjonsgrupper, politiske parti og sivilt samfunn kan vere trygge der.
Kilde:
https://www.nrk.no/urix/rivalar-i-sor-sudan-er-samde-om-fredsavtale-1.14102697