Troika bekymra for ny uro i Sør-Sudan

Hentet fra  NTB 20. februar 2019| 

I ei fråsegn frå den såkalla troikaen onsdag blir det uttrykt bekymring for eskaleringa av konflikten i Yei-området sørvest i landet. Landa er urolege for at samanstøytane mellom partane kan få store humanitære konsekvensar for lokalbefolkninga.

Fråsegna kjem etter meldingar om at det har vore samanstøytar mellom regjeringsstyrkar og opprørsstyrkar, noko troikaen omtaler som eit brot på våpenkvileavtalen frå 2017 og fredsavtalen som vart underteikna i 2018.

– Vi er bekymra for at dersom situasjonen eskalerer, så vil arbeidet med å implementere fredsavtalen bli sett tilbake, heiter det i fråsegna.

Noreg, USA og Storbritannia meiner dei valdelege samanstøytane undergrev fredsavtalen som Sør-Sudans president Salva Kiir og opprørsleiaren Riek Machar underteikna i september i fjor.

Avtalen er den siste i ei rekke forsøk på å få ein slutt på den fem år lange blodige borgarkrigen i Sør-Sudan. Krigen har kosta titusenvis av menneske livet og drive sørsudanarar på flukt over heile Aust-Afrika.

Troikaen krev at partane må sørge for sikkerheita til lokalbefolkninga og garantere for sikre ruter ut av konfliktområdet.

Tusenvis av sørsudanarar har dei siste dagane flykta over grensa til Kongo.

(©NPK)