Seks journalistar arresterte i Sør-Sudan: Blir kopla til flau video av presidenten

Hentet fra  NRK 7.1.2023 av Oda Eggesbø Ottesen Journalist

Seks medietilsette er arresterte av styresmaktene i Sør-Sudan. Dei blir kopla til ein video der presidenten ser ut til å tisse på seg.

-
FILMA AV STATLEG TV: Skjermdump frå videoen som sirkulerte på sosiale medium etter arrangementet i desember.

Videoen viser Salva Kiir (71) som står på eit podium under ein offisiell seremoni, omgitt av militæroffiserar og toppleiarar.

Medan nasjonalsongen blir spelt, blir ein mørk flekk stadig meir synleg langs buksebeina hans. Etter kvart vekker det oppsikt blant dei som står kring han.

Videoen blei aldri sendt på statleg TV, men likevel sirkulert på sosiale medium.

Tryggingstenesta har no pågripe seks personar som jobbar for TV-kanalen, seier presidenten for den sørsudanske journalistforeininga, Patrick Oyet, til Reuters.

Oyet har namngitt dei som kameraoperatørane Oliver og Mustafa Osman, videoredigerer Victor Lado, medverkar Jacob Benjamin, og Cherbek Ruben og Joval Toombe frå kontrollrommet.

Både Sør-Sudan si journalistforeining og den internasjonale organisasjonen Komité for vern av journalistar (CPJ) krev at alle seks blir lauslatne.

Reporterar utan grenser (RSF) rangerte Sør-Sudan som nummer 128 i verda i pressefridom-indeksen, basert på tal frå 2022.

Dei skriv at «pressefridomen er ekstremt utsett i Sør-Sudan, der journalistar arbeider under konstant trugsel og skremsel, og sensur alltid er til stades».

Meiner dei har vore for lenge i varetekt

Oyet seier at seier at organisasjonen hans blei uroa då journalistane hadde vore i varetekt i meir enn 24 timar.

Ifølge sørsudansk lov kan mistenkte berre vere varetektsfengsla i eitt døgn før dei blir framstilt for retten.

Hendinga passar inn i eit mønster av «tilfeldig pågriping» blant tryggingspersonell når politikarar i landet blir framstilt dårleg i pressen, ifølge CPJ.

Korkje arbeidsgivaren til journalistane, tryggingstenesta i Sør-Sudan eller Kiir sitt kontor har kommentert arrestasjonane.

Kiir har vore president i Sør-Sudan sidan landet blei uavhengig i 2011. Det planlagde presidentvalet blei nyleg utsett på nytt, denne gongen til slutten av 2024.

Toppleiarar i landet har fleire gongar nekta for rykte på sosiale medium om at Kiir har problem med helsa.

Kilde: Uroa for seks journalistar i sørsudansk varetekt: Koplar dei til flau video av presidenten – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer