Svært bekymra for situasjonen i Sudan

Hentet fra  Regjeringen 15.10.2023

Seks månader med krig:

Read in English

– Eg er svært bekymra for situasjonen i Sudan, eit halvt år etter krigsutbrotet. Over 5 millionar menneske er drivne på flukt, skular er framleis stengde og spesielt barn blir utsette for stor fare, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

– Råskapen til krigen rammar som alltid barna hardast. Vi ser no ein generasjon av sudanske barn som står midt i ei krise utan sidestykke. Ikkje berre må dei leve med følgja av konflikt akkurat no, fordriving og uvisse, men dei manglar òg tilgang til grunnleggjande tenester som helse og skule, seier Tvinnereim.

Den 15. oktober er det seks månader sidan krigen i Sudan braut ut. Halvparten av befolkninga i Sudan, nær 25 millionar menneske, har no behov for humanitær hjelp og vern, ifølgje FN.

– Sjukehus i landet er ramma av kampane og sett ut av drift. Mangelen på medisinar og medisinsk utstyr er akutt. Regntida gjer situasjonen endå vanskelegare med kraftig regn og flaum. Sjukdommar som kolera, denguefeber og malaria spreier seg no raskt, seier Tvinnereim.

Vanskeleg å nå dei som treng det mest

Dei fleste av skulane i landet har vore stengde sidan 15. april. Det er rapportar om at barn i Sudan blir utsette for drap, tvangsrekruttering, vald og overgrep. Dei pågåande kampane og dei store utfordringane med å krysse grensa og reise i landet, gjer arbeidet vanskeleg.

– Dei humanitære organisasjonane når berre ein tredel av befolkninga i Sudan. Det gjer det svært vanskeleg å nå dei som treng det mest. Noreg har fleire gonger oppmoda sudanske styresmakter til å respektere dei humanitære prinsippa, fjerne byråkratiske hindringar for humanitære organisasjonar, og å innvilge nødvendige visum og løyve, seier Tvinnereim.

Å støtte og samarbeide med dei lokale aktørane er svært viktig.

– Lokale aktørar gjer ein uunnverlege jobb i Sudan, med livet som innsats. Det fortener dei å bli anerkjend for. Dei når fram sjølv i dei mest utfordrande områda, der internasjonale organisasjonar ikkje når fram. Dei treng òg vår hjelp, seier Tvinnereim.

Alvorlege overgrep og menneskerettsbrot

Menneskerettssituasjonen i Sudan er svært alvorleg, og det kjem truverdige påstandar om alvorlege overgrep og menneskerettsbrot gjort av begge partane i konflikten.

– Denne krigen rammar Sudans sivilbefolkning ufatteleg hardt. Vi står fast ved bodskapen vår om at kampane må stoppe omgåande. Alle partar må overhalde forpliktingane sine i samsvar med folkeretten, inkludert internasjonal humanitærrett og menneskerettane. Sivile må vernast, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

I FNs menneskerettsråd i Genève har Noreg, USA, Storbritannia og Tyskland lagt fram ein resolusjon for å opprette ein «Fact-Finding Misson» og ein etterforskingsmekanisme for brot på menneskerettar i Sudan sidan 15. april.

– Vi må sikre at dei alvorlege skuldingane om overgrep blir etterforska på ein truverdig og upartisk måte. Det er eit viktig steg for å halde dei som står bak ansvarlege og få slutt på straffefridom. Vi er veldig glade for at Menneskerettsrådet no har stemt for å opprette denne etterforskingsmekanismen. Dette er eit viktig steg for det sudanske folket, seier Huitfeldt.

Samtidig med den internasjonale innsatsen for å få på plass ei varig våpenkvile og humanitær tilgang, jobbar Noreg òg med å støtte opp om sivile krefter som jobbar med å få på plass ein politisk prosess.

–  Krigen må stanse. Vi støttar aktivt arbeidet med å få på plass ein inkluderande politisk prosess som er basert på demokratiske prinsipp og befolkningas ønskjer. I denne prosessen er det særleg viktig at kvinner og ungdom blir høyrd og at heile Sudan er representerte, seier Huitfeldt.

Lenke: Svært bekymra for situasjonen i Sudan – regjeringen.no